Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Black Gospel i Tonstad Kyrkje


Torsdag 14. mars kl. 19.30 brakar det laus med ein gospelkonsert av dei sjeldne i Tonstad kyrkje!
 
Me får storfint besøk frå USA torsdag 14. mars, nemleg Angela Primm og Elsa Harris, to av dei fremste representantane for den amerikanske, ekte black gospel-sjangeren! Me er glade for at me denne gongen greidde å "kapre" desse artistane til Tonstad! Endeleg har me fått dette til, og dei to flotte gospelartistane skal få hjelp av eit stort prosjektkor som m.a. består av Sirdal Blandakor og Lund Menighetskor. Artistane er særs erfarne, med mange plateinnspelingar og eit rikt turnèliv bak seg. Pianisten Elsa Harris var m.a. fast pianist for Jessy Dixon i mange år, og ho har vore på turnè i Norge gjennom svært mange år. Gå ikkje glipp av denne konserten! Det kostar kr. 200,- for vaksne, kr. 50,- for ungdom under 18 år, og born under 12 år går gratis! Møt opp tidleg om du vil ha ein god plass!

Tilbake