Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Årsfest


Sundag 10. mars var det tid for årsfest for kyrkjelyden i Kvævemoen kapell. Det blei ein triveleg dag med gudsteneste, korsong, mat og årsmøte.

 

Sundagen starta med familiegudsteneste kl 11. Me var så heldige å ha med oss Sirdal Soul Children som sang for oss. Så fekk me høyra historia om Josef frå det gamle testamentet, om livet hans og korleis Jesus tilgir oss og vil kalla oss venene sine. 

Etter gudstenesta samla alle seg i kjelleren til mat, kaker og kaffi. Deretter vart borna att i kjelleren, medan dei vaksne gjekk opp att for å høyra song av Sirdal blandakor og å delta på årsmøte.

Tilbake