Fasteaksjon


9. april er det tid for årets fasteaksjon, med innsamling til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Fokus i år er å skaffa reint vatn til område der dette er vanskeleg å få tak i. Faktisk er det slik at 844 millionar menneske i dag manglar reint vatn, men for 200 kr er det mogleg å legga til rette slik at ein person kan få varig tilgang til vatn.

Som tidlegare er det konfirmantane våre som kjem på dørene frå 16:30 og utover. Ta godt i mot dei!


Tilbake