Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Spanande samling med 4. klassingar i kyrkja


Sist helg hadde me samling med 4. klassingane på Tonstad på fredag ettermiddag. Det blei ei fin samling, som nok blei meir spanande enn dei hadde tenkt seg på førehand.

 

12 trivelege 9 åringar troppa opp i kyrkjestova og fekk starta med å jobba i eit hefte om påske. Så bar det inn i kyrkja der dei fekk høyra den spanande forteljinga om den fyrste påska, då israelittane bad farao om å få reisa bort frå Egypt. Deretter var det tid for symboljakt. Rundt i kyrkja var det gøymt fem påskeegg med kyrkjelege symbol på, og noko godt inni. Så fekk borna leita etter symbola i kyrkjerommet og læra meir om kva dei betyr.

Etterpå fekk dei som hadde lyst, øva på eit drama om dette til gudstenesta. Resten fekk bli med Anne Berit på ei oppdagingsferd under kyrkjegolvet. Der gøymer det seg nemleg ei forsegla kasse frå 1903 med ei spandande historie.

Me fortsette ettermiddagen med å laga kors som skulle brukast til å pynta i kyrkja til gudstenesta, og avslutta samlinga med lystenning og bøn rundt lysgloben i kyrkja.

På sundag bidrog borna på ein veldig fin måte i gudstenesta med prosesjon, drama, tekstlesing, i tillegg til at dei fekk utdelt boka «Viktor i femte».

Tilbake