Misjon


I Sirdal kyrkjelyd ønskjer me at misjon skal vera ein del av aktiviteten i kyrkjelyden, og me har difor to misjonsprosjekt me støttar.

Den sørlege delen av Sirdal kyrkjelyd  (Tonstad - Haughom) har i mange år støtta NMS sitt prosjekt Håpets senter i Paris, eit arbeid iblandt afrikanske innvandrarar. No har den lokale kyrkjelyden i Paris overteke ansvaret for Håpets senter, og Sirdal sokneråd såg seg difor om etter eit nytt misjonsprosjekt.

Nordafrikanarar i Spania
NMS foreslo eit arbeid iblant nordafrikanske innvandrarar i Spania som vårt nye prosjekt, noko soknerådet gjekk inn for. Dette er eit ganske nytt prosjekt for NMS, og Sirdal er den første kyrkjelyden i Norge som støttar dette prosjektet. Prosjektet har mange av dei same utfordringane som Håpets senter i Paris. Nordafrikanske innvandrarar strøymer til Spania, men ikkje alle er førebudde på kva som møter dei.

Språkundervisning og datakurs
Under leiing av egyptiske misjonærar (to par) driv dei to senter med engelsk- og spanskundervisning, datakurs, leksehjelp og aktivitetar for barn. I tillegg har dei eit senter for kyrkjelydsarbeid, der det er gudstenestar på arabisk kvar søndag.

Aktivitetar gjennom veka
Måndag: Sykkelklubb for tenåringsgutar. Syklane har dei fått gratis frå nokre forretningsmenn.
Tysdag og torsdag: Engelsk- og spanskklassar for vaksne og leksehjelp for barn.
Onsdag og fredag: Leseklasse for kvinner
Laurdag: Sportsklubb for dei unge med trening på stranda før dei tar ein prat om livet og kvardagen.
Søndag: Gudsteneste på arabisk.

I tillegg er det fotballturneringar, rapkonsertar, hobbykurs og samtalegrupper.

Det er eit mangfoldig arbeid kyrkjelyden vår no vil støtta, og det er i sanning eit fargerikt fellesskap av medarbeidarar frå Egypt, USA, Venezuela, Argentina og Spania. Vår støtte går til drift av sentera, undervisning, aktivitetar, leiker og materiell til evangelisering.

Besøk på Tonstad i 2014 og tur til Spania i 2016
To av dei egyptiske misjonærane som arbeidar ved prosjektet i Spania, var i Norge i oktober 2014. Dei vitja NMS i Stavanger og Sirdal kyrkjelyd for å fortelja om arbeidet dei driv. Som eit svar på dette besøket, drog ei gruppe på 14 personar frå Sirdal kyrkjelyd til Spania våren 2016 og vitja arbeidet som vert drive. Det var flott å sjå dette arbeidet på nært hald.

I Øvre Sirdal har misjonsforeininga og soknerådet saman valgt eit nytt satsingsområde. 

”Centro Creer”
Misjonsalliansen  driv arbeid i mange land, og kyrkjelyden vil vera med å gje til arbeid blant  funksjonshemma i Ecuador. Arbeidet skjer ved to senter i Guayaquil, ein kystby der det bur 2,5mill. På dei to sentra «Centro Creer» får born og unge med ulike former for funksjonshemmingar oppfølging, undervisning og aktivitetar ut frå kva dei sjølve kan klare.  Foreldre får støtte og rettleiing til å gje barnet best mogeleg utvikling. Arbeidet er eit samarbeid med lokale medarbeidarar som er utdanna med støtte frå Misjonsalliansen.

Diakonalt arbeid
Ein del av arbeidet er å endra folk sine haldningar til menneske med funksjonshemming, der som i mange andre miljø, vert dei ofte stua bort.  Når t.d. ein blind kan gå i arbeid og bæra økonomiansvar for seg sjølv og andre i slekta, skapar det ny forståing i samfunnet rundt. Misjonalliansen er kjend for å driva diakonalt arbeid og har mykje erfaring nettopp i arbeid for menneske med funksjonshemmingar. 
Dei seier: «Gjennom arbeidet vårt vil me at fattige og diskriminerte skal få møta Jesu kjærleik i ord og handling.»

Misjonsbasar og misjonsforeining
I Øvre Sirdal er det ei kvinneforeining som arbeider jamt og trutt mot neste basar for misjonsprosjektet, som er hausten 2018 (fredag i haustferien for Rogaland). Dei driv i gammal stil med flotte handarbeid, og basaren har alltid uvanleg mange eigenproduserte gevinstar. Vel møtt!

Tilbake