Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Påskefest


Fyrste sundag etter påske er det tradisjon i Sirdal med påskefest i kyrkjene på Tonstad og på Kvæven. 4 åringane hadde fått invitasjon i posten ei tid i førevegen der det stod at dei skulle få bok i kyrja denne sundagen.

 

Det vart to flotte festgudstenester med blomeprosesjon og påskepynt som fokuserte på at grava var tom og Jesus var oppstanden. På Tonstad møtte 6 spente 4 åringar opp, og fekk høyra historia om Peter som tykte det var vanskeleg å tru at Jesus verkeleg var oppstanden. Eit av borna peika på at Thomas på bileta hadde så langt hår at det var nok derfor han ikkje såg Jesus. Etterpå fekk dei lima kvar si hand, som dei hadde teikna og dekorert på førehand, opp på Jesus sine naglemerka hender.

Både på Tonstad og på Kvæven fekk borna utdelt kvar sin barnebibel, som me håpar blir mykje lesen rundt om i heimane. Etter gudstenestane fekk me nyta god kyrkjekaffi og kake.

Tilbake