Sprell Levande misjonstorg


Laurdag 11. mai stod Søskenringen, Yngres, Trafo og konfirmantane for eit stort arrangement for barn på Eliastunet. Nytt av året var at to arrangement blei slått saman til eit, og det gjorde at det blei mykje innhald og noko for ein kvar smak.

Sjølve misjonstorget starta opp kl 11 med lotteri, matsal, ansiktsmåling, fletting, hoppeslott og bilvask. Og det gjekk unna! Mange kom og kosa seg ute i det fine veret, med både misjonstorg og på leikeplassen.

Etter ei stund var det tid for samling med andakt og song ved Camilla Oseland og BRU-bandet frå Ålgård.

Til slutt var det misjonsløp. Då hadde borna skaffa seg sponsorar som anten betalte eingongsbeløp eller eit beløp kvar runde. Ivrige born sprang inn nesten 5000 kroner som skal delast mellom Kirkens nødhjelp og Barnas misjonsprosjekt hos NLM. Totalt kom det inn 14700 kroner til desse to prosjekta.

Tilbake