Kvar haust har me huasttakkefest i kyrkjene i Sirdal. Heile familien er velkommen til å delta på denne gudstensta, men 1.klassingane i Sirdal er spesielt inviterte og dei får utdelt ei bok på gudstenesta.
På haustakkefesten minner me kvarandre på at det kan vere fint å takka for alt me har fått. Det veks mykje fint og godt ute i hagen om hausten, og denne dagen har me med oss noko av haustens grøde til gudstenesta.
Etter gudstenesta er det kyrkjekaffe og då er det amerikansk auksjon på alt det gode og flotte me har hatt med oss. Pengane som kjem inn går til Kirkens nødhjelp.