Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Kyrkjemusikk


Kyrkjemusikk er det litt høgtidelege omgrepet for song og musikklivet i kyrkjeyden. Sirdal sokneråd har no utarbeidd ein plan for dette arbeidet. Planen blei vedteken av soknerådet 25. august 2010.

Planen tar for seg ulike sider ved musikklivet i kyrkjelyden. Mellom anna er det kapitlar om:
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Korarbeidet
- Samarbeid med skule, barnehage og kulturskule
- Instrument og bemanning

 

Planen inneheld ein del grunnleggande vurderingar som arbeidsgruppa ønskjer at soknerådet skal slutte seg til:
Variasjon og involvering i det kyrkjemusikalske uttrykket
Orgel skal vere basisinstrument ved gudstenester og kyrkjelege handlingar
Berre ved særskilte høve skal det nyttast anna enn levande musikk i arrangement i kyrkjene
Kontinuitet i det kyrkjemusikalske arbeidet òg for nytilsette.

Heile planen kan du lesa her:

 

Tilbake