Alle rettigheter 2020 Sirdal kyrkjelyd

Oversikt over trusopplæringstiltaka våre.


Her er ein oversikt over dei ulike trusopplæringstiltaka me tilbyr for born og unge.

 

Tilbod om trusopplæring i Sirdal sokn:

  • Hallo-venn: Målgruppa er 0-10 år.
  • 1 års dåpsdag: Får helsing og gåve i posten
  • 2 års dåpsdag: Får helsing og gåve i posten
  • 3 år: Krøllekveld i kyrkja ein ettermiddag. Utdeling av boka «Krølle på tur». Me høyrer om den gode gjetaren og leiter etter sauer.
  • 4 år: Påskefest i kyrkja fyrste sundag etter påske, med utdeling av barnebibel. Borna får eit hint i posten om kva gudstenesta inneheld.
  • 5 år: Samling om pinse ein ettermiddag i tida rundt pinsa. Bursdagsfest for kyrkja. Ballongar, fisking av godteposar.
    Utdeling av boka «Fest på slottet».
  • 6 år: Hausttakkefest i kyrkja i løp av hausten. Borna blir invitert til samling  på førehand der me høyrer bibelforteljing, leiker, lager, teikner og øver til gudsteneste. Borna deltar på ulikt vis i gudstenesta ut frå eige ønske. Utdeling av boka «Tre i eit tre».
  • 7 år: Borna blir invitert til ei samling der dei får utdelt ein aktivitetsbibel. Nokre år knytter me dette i lag med ei gudsteneste.
  • 8 år: Tårnagenthelg i Tonstad kyrkje, felles for alle 8 åringar i Sirdal.  Samling laurdag ettermiddag og kveld, og gudsteneste på sundag. Me løyser ulike agentoppdrag. Utdeling av boka «Skatten i Liljedal».
  • 9 år: 9-åringane blir invitert til ei gudsteneste/samling i løp av året. Utdeling av boka «Viktor i femte». Dette opplegget er under utarbeiding.
  • 10 år: 10-åringane deltek på gudsteneste ei gong i løp av hausten. Utdeling av nytestamentet. I tillegg er kyrkjelydsarbeider på skulen i 4 skuletimar og har «Vandring gjennom Bibelen». Dette er ei spanande reise gjennom dei ulike bibelforteljingane. Det er ikkje ein del av trusopplæringa, men ein skule-kyrkje-samarbeid for alle 5.klassingane.
  • 11 år: Lys Vaken – helg i Kvævemoen kapell, felles for alle 11 åringar i Sirdal.  Ei helg med fokus på Jesus som lyset vårt, mykje moro, godt lag og overnatting i kapellet.
  • 10-12 år: Yngres. Samarbeid om megakveld og misjonstorg
  • 8.-10.klasse: TRAFO. Samlingar på bedehuset og fleire turar iløp av året. 8.-klassingane får invitasjon til årets første trafo (kick off)
  • Skuleåret i 9. klasse er det tilbod om konfirmasjon og konfirmantundervisning. Rekner ca 60 timer trusopplæring

Andre tilbod:

  • Sprell levende. Søndagskule-opplegg annankvar onsdag i Kvævemoen kapell. For born frå ca 4 år og oppover.
  • Målet er å ha sundagsskule i kyrkjestova kvar gong det er «vanleg gudsteneste» i kyrkja. Alle møter i kyrkja, og ungane går ut i kyrkjestova etter ei lita stund. Me treng fleire frivillige for at dette skal gå!
  • 5.-7. klassingar er velkomne til å delta på Yngres på bedehuset annakvar fredag.
  • Skuleandakt i matfri (i regi av Laget, nkss) annankvar tysdag
  • 8.-10. klassingar er velkomne til å delta på Trafo annakvar laurdag.
  • Bibelgruppe for ungdomsskuleelevar.
  • Me ønskjer å kunne tilby Babysong. Me har diverre ikkje ansatte til å drive det no, men vil gjerne engasjere frivillige, og kan gjerne hjelpe til med praktiske ting.

 

Tilbake