Alle rettigheter 2019 Sirdal kyrkjelyd

Dåp


Dåp er ei stor hending for dåpsbarnet og den næraste familien, men dåp er òg ei stor hending for heile kyrkjelyden. Når me ber eit barn til dåpen, blir det ein del av Guds kyrkje på jorda.

 

Me ønskjer velkomen til dåp i Sirdal. Det vanlege er at det skjer i den kyrkelyden ein bur, og det er i den kyrkjelyden barnet skal vekse opp og få del i trusopplæringa. Nokon vel òg å ha dåp i den kyrkjelyden som ein av foreldra kjem frå.
Dersom det er noko de lurar på kring dåpen, er det hyggeleg om de vil ta kontakt med oss.  Du kan òg lese meir om dåp, både av barn, ungdom og vaksne på nettstaden til den norske kyrkja.
I Sirdal har me arbeidd mykje med involvering i gudstenestelivet. Det betyr at me ønskjer at flest mogleg skal delta i gudstenestane - ikkje berre som tilhøyrarar - men gjennom ulike oppgåver ta aktivt del i gjennomføringa. Ved dåp synest me det er flott om nokon frå dåpsfølgjet ønskjer å vere med å bere inn dåpsvatnet og dåpskluten i prosesjonen. Det er flott om nokon òg les bibeltekstane om dåpen. Dette er noko som soknepresten vil ta opp i dåpssamtalen som han har med alle dåpsforeldre før dåpen.

Innmelding til dåp i Sirdal:

Innmeldinga her er ei førespurnad om dåp. De vil få stadfesting frå kyrkjekontoret når vi har motteke førespurnaden.
Soknepresten vil ta kontakt for å få avtalt dåpssamtale.


Melding om namn skjer til folkeregisteret. Det må gjerast så snart som råd, og før dåpen. Dokumentasjon på namn og fødselsnummer må leggjast fram for prest/kyrkjekontor før dåpen (helst i samband med dåpssamtalen).

Tilbake